Meny Lukk


Boksmia forlag har no vore i drift sidan 1997 og gitt ut nesten 40 bøker.

Forlaget held til i ein tømmerlåve på eit geitebruk i Vats i Hallingdal, 850 moh. Det har vore attåtarbeid til gardsdrift. No har forleggjaren vorte kårkall, men driv framleis med bøker og bokskriving.

Bøkene på forlaget er om miljøspørsmål, landbruk, distriktspolitikk, språk og internasjonale tema, særleg knytt til mat og landbruk, dessutan nokre romanar og diktsamlingar.

Forlaget har som mål å gi rom for andre røyster og få fram i lyset noko av kulturen, historia og tenkinga som ikkje blir dekt av vår urbane forlagsbransje.

Bøkene får du kjøpt i nettbutikken eller i bokhandel.

Garden Ellingsgard

Boksmia har bøker om miljøspørsmål, landbruk, distriktspolitikk, språk og internasjonale tema, særleg knytt til mat og landbruk, dessutan nokre romanar og diktsamlingar.